Om ankeprosessen

Kva saker kan ankast inn for Trygderetten

Dersom du er usamd i eit vedtak du har fått frå NAV, Helseklage eller frå ei offentleg tenestepensjonsordning (bl.a. KLP og SPK), kan du klaga på vedtaket. Når alle moglegheitene til å klaga i den aktuelle institusjonen/instansen er ”brukt opp”, kan du anka saka vidare til Trygderetten.

Lenger nede brukar me omgrepet ”ankemotparten” som fellesnemning for institusjonar eller instansar som kan vera motpartar i anker til Trygderetten.

  • Den instansen som har gitt avslaget, har plikt til å informera deg både om moglegheitene til å klaga innanfor organisasjonen og om eventuell vidare anke til Trygderetten. (Visse vedtak kan likevel ikkje ankast til Trygderetten. Instansen som fatta vedtaket, kan gi nærare informasjon.)
  • Dersom du vurderer å anka, og er usikker på korleis du skal gå fram, bør du kontakta den aktuelle instansen så fort som mogleg. Ankefristen er 6 veker, og den vert praktisert strengt.

Kva må du gjera dersom du vil anka?

For anker frå NAV-systemet skal du fylla ut eit ankeskjema som du finn ved å skriva ”klage” eller ”anke” i søkjefeltet på www.nav.no. Til dei andre ordningane skal du skriva eit brev.

  • Anken skal sendast til ankemotparten – altså ikkje til Trygderetten. Grunnen er at ankemotparten skal få ei ny moglegheit til å vurdera saka.

Dersom vedtaket ikkje vert omgjort, sender ankemotparten saka til Trygderetten saman med eit oversendingsbrev som presenterer både dine og NAV sine grunngjevingar og synspunkt. Du skal få kopi av brevet og høve til å kommentera det.

Først etter at saka di er kome til Trygderetten, kan du kontakta oss for å få svar på eventuelle spørsmål. Ver merksam på at du ikkje bør senda konfidensielle dokument og opplysingar per epost. Det er IKKJE sikkert, og du risikerer at personopplysingane dine kjem på avvege.

Korleis vert saka behandla i Trygderetten?

I Trygderetten vert saka di fordelt til ein administrator. Administrator er alltid jurist. I tillegg til juridiske rettsmedlemmer, har Trygderetten faste medisinske og attføringskunnige rettsmedlemmer. Sistnemnte har kompetanse om arbeidsmarknadsspørsmål og arbeidsevnevurderingar.  Ei sak om eit reint juridisk spørsmål, til dømes pensjonsberekning, vert berre behandla av juristar. Mange av Trygderettens saker dreier seg derimot om helseforhold og/eller arbeidsevne. I slike tilfelle vert medlemmer frå dei andre gruppene trekt inn.

Dei fleste saker i Trygderetten vert sett med to dommarar. Dersom desse er usamde eller usikre på resultatet, vert ytterlegare ein dommar trekt inn. Enkelte saker er av ein slik art at det er trong for dommarar frå alle tre gruppene.

  1. Trygderetten er ein uavhengig, domstolsliknande instans som går inn i staden for Tingretten i dei aktuelle ankesakene. Trygderetten er altså ikkje ein del av NAV-systemet.

Kostar det noko å anka til Trygderetten?

Det er i praksis gratis å anka ei sak inn for Trygderetten. Berre unntaksvis, dersom det er openbert at anken er sett fram utan grunn, kan Trygderetten påleggja ein ankande part å dekka Trygderettens og ankemotpartens kostnadar.

Dersom du vel å bruka advokat, kan du derimot få utgifter (sjå nedanfor).

Treng du advokat?

Som følgje av at Trygderetten har ei sjølvstendig plikt til å klargjera forhold som er relevante for sakene, treng du i prinsippet ikkje advokat. Du bør naturlegvis belysa saka og klargjera synspunkta dine så godt som mogleg, men Trygderetten vil sjølv vurdera om det er ting du kan ha oversett. Du kan likevel velja å bruka advokat.

Får du dekt utgiftene til advokat?

Det er avhengig av resultatet av ankebehandlinga. Dersom du brukar advokat, må du i utgangspunktet betala rekninga sjølv. Dersom du får medhald i anken, har du derimot krav på å få dekt nødvendige utgifter til advokat. Legg merke til at det er Trygderetten som avgjer kva utgifter som var nødvendige. Trygderetten kan med andre ord redusera advokatens honorarkrav.

Sjølv om du ikkje vinn fram med anken, kan det henda du kan få dekt utgiftene til advokat gjennom ordninga med fri rettshjelp. Informasjon om ordninga finn du her: http://www.fri-rettshjelp.no/

Du kan også gi ein annan person fullmakt til å representera deg og tala di sak ovanfor Trygderetten. Vel du ei slik løysing, vil du ikkje få dekt eventuelle utgifter.

Kor lang er saksbehandlingstida?

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for ein anke i Trygderetten er om lag fire månadar. Dersom behandlingstida er forventa å overstiga seks månadar, vil du bli informert.

Kor stort er sannsynet for å få medhald?

Dette varierar frå sakstype til sakstype. Når alle saksområde (uførepensjon, sjukepengar, yrkesskade, stønad til helsetenester og hjelpemiddel, pensjonsberekningar m.m.) og alle ankemotpartar vert sett under eitt, endar i underkant av 20 prosent av sakene med omgjering, altså at den som ankar får medhald. Du finn nokre fleire opplysningar på Trygderettens heimesider: (www osv)

I tillegg til å omgjera eller stadfesta kan retten oppheva eit vedtak og heimvisa saka til ny behandling. Som regel betyr det at Trygderetten meiner at det er trong for ytterlegare opplysningar før saka kan endeleg avgjerast. Saka blir då sendt attende til ankemotparten for ytterlegare klargjering.

Kva moglegheiter har du dersom du også får avslag i Trygderetten?

Dersom du ikkje får medhald i Trygderetten, kan du anka saka inn for det ordinære rettssystemet ved lagmannsretten. Me tilrår at du tek kontakt med ein advokat og diskuterer saka først, blant anna kor sannsynleg det er at du vinn fram. Ver også merksam på at tap i lagmannsretten som hovudregel vil føra til at du må dekka både eigne og motpartens sakskostnadar. Det kan bli store summar.

Dersom du meiner offentlege instansar har gjort formelle feil i behandlinga av saka di, kan du også klaga til Sivilombodsmannen. Meir informasjon finn du her: http://www.sivilombudsmannen.no/klage/

Klage til Sivilombodsmannen er gratis.